(Prenta i boka Ferdinand Alois Grobs biletalbum – og våre handlingars utkantvegar, Oslo 2021. ISBN 978-82-691870-3-8 )
Hydra hamn, april 2015 © Jon Grepstad
Ferdinand Alois Grobs biletalbum
Tidleg i januar 1958 tek Axel Jensen og Marianne Ihlen båten frå Peloponnes til Hydra. Den første natta overnattar dei på Hotell Sofia nede på kaia. Ferdinand Alois Grob er ikkje i tankane deira. Dei har aldri høyrt om sveitsaren med biletalbumet.
Ein regndag i mars 1960 spaserer Leonard Cohen inn i den greske banken i London. Den solbrune mannen bak disken fortel at det er vår i Hellas. Nokre dagar seinare tek Leonard Cohen flyet til Athen og båten frå Pireus til Hydra. Han er utan ein tanke på Ferdinand Alois Grob, eit namn han aldri har høyrt.
Ferdinand Alois Grobs biletalbum frå 1860-åra er på denne tida i Italia. Seinare skal det følgje eigaren til Montreal i Canada. På 1990-talet vender eigaren og biletalbumet attende til Roma. I mai 2018 hamnar albumet i Hertug Skules gate på Tøyen i Oslo.
Hadde det ikkje vore for dei to båtreisene i Hellas i 1958 og 1960, hadde albumet aldri funne ei hamn i 4. etasje i Hertug Skules gate på Tøyen.
Våre handlingars utkantvegar er uransakelege.
Kven var Ferdinand Alois Grob?
«Ferdinandus Aloys Grob ex Lucernensis Helvetiae» står det med handskrift og litt vaklevoren latin på forsatsen. Ferdinand Alois Grob frå Luzern i Sveits. Vidare står med same handskrifta: «Hoc librum est / Ad soli Gloria Dei destinatum / die I mensis Septembris anno D. / C I Ɔ I Ɔ C C C L X I I.» Denne boka er til Guds ære, 1. september i Herrens år 1862.
Stø kyrkjelatin er det ikkje. Det heiter ikkje «hoc librum», men «hic liber». Det heiter ikkje «ad gloria Dei», men «ad gloriam Dei». Kort sagt: «Hic liber est ad gloriam Dei destinatus».
Men ein kan ikkje forlange all verda av ein gudfryktig soldat, kurer og reiseførar frå Sveits.
For det var det han var.
Han var fødd 18. juli 1833, fortel statsarkivet i Luzern. I dei tidlege 1850-åra var han soldat og underoffiser i det sveitsiske regimentet i Napoli. Det var på slutten av Dei to Sicilias tid, den tida da Sicilia og Sør-Italia var eitt kongedøme, før det vart styrta av Garibaldis folk i 1860.
Ferdinand Alois Grob vart utnemnd til løytnant av styresmaktene i Luzern i 1862. Same året skriv han namnet sitt i biletalbumet. Etter den militære karrieren var han handelsreisande, kurer for ymse verksemder og reiseførar.
I 1877 gjev han ut ei guidebok for pilegrimar til Roma i høve pave Pius IXs femtiårsjubileum som biskop. Boka ber tittelen «Pilgerführer nach Rom – ein Rathgeber auf die Reise nach der ewigen Stadt». Boka finst i statsarkivet i Luzern og til lesesalsbruk på nasjonalbiblioteket i Bern.
Materialet i statsarkivet i Luzern fyller ein halv hyllemeter. Det består av åtte dagbøker med notat og reiseskildringar frå åra 1863–1885 og to herbarium frå 1860–1888. Den første dagboka gjeld reiser i Italia, Frankrike, England og Sveits i åra 1863–65. Dei to neste åra reiser han mellom anna til Tyskland, Austerrike og Ungarn. I 1873 er han på verdsutstillinga i Wien, i 1878 på utstillinga i Paris. Midt på 1870-talet vitjar han Engelberg i Sveits, tidleg på 1880-talet tek han elvebåten på Rhinen frå Konstanz til Schaffhausen. Og rundt 1885 dreg han til Sicilia, Palestina og Egypt.
Dagbøkene og herbaria vart funne av pater Walther Diethelm i Melchtal OW i Sveits i 1971. Frå 1868 var det prestar frå Engelberg-klosteret som hadde med Melchtal å gjere, og ein reknar med at det er ein pater frå dette klosteret som har hatt med seg Grobs dagbøker og herbarium. At Grob gjekk i lære i klosteret, finst det ikkje haldepunkt for.
Hydra 1971
I 1971 har eg ikkje høyrt om Leonard Cohen eller om den greske øya Hydra. Eg har lese Axel Jensens roman Line, som han gav ut i 1959, utan å vite at boka vart skriven på denne øya – i andre etasje i huset han kjøpte i bergskråninga langs vegen opp til Kala Pigadia, dei gode kjeldene.
Året etter, i 1960, reiser Axel Jensen ifrå Marianne. Ho flyttar etter kvart saman med Leonard Cohen i det huset han har kjøpt på høgda mellom Hydra hamn og Kamini, like ved der butikken The Four Corners held til i dag. Det er også i oktober dette året at fotografen James Burke frå Life Magazine tek sine berømte foto frå kunstnarkolonien på øya. Mellom dei er også fotografia under det store treet på Douskos-tavernaen.
Forfattarparet George Johnston og Charmian Clift, som har vore ein kjerne i kunstnarkolonien, reiser tilbake til Australia saman med borna i 1964. Charmian døyr i 1969, George i 1970.
I 1971 har Leonard Cohen skrive to romanar og seks diktsamlingar. Han har laga den kjende songen Suzanne og har gjeve ut tre album, Songs of Leonard Cohen, Songs from a Room, Songs of Love and Hate. Men samlivet med Marianne går mot slutten.
Ferdinand Alois Grobs album
Det er ei lita bok. Dei ytre måla er 11,5 x 15 cm, sideformatet 11 x 14,5 cm. Ryggen er 3 cm tjukk. Albumet har gullsnitt, både på toppsnitt, forsnitt og fotsnitt. Innbindinga er i svart skinn med blindpreg. Dei to bokspennene er av messing.
30 bilete er det i albumet. Det er bilete både på recto- og versosidene. Kvar biletside har eit biletvindauge. Da albumet var nytt og ubrukt, var det ei open innstikkslomme bak biletvindauget. Ein plasserte eit bilete i lomma på rectosida og limde saman. Det same gjorde ein med versosida. Slik blir dei femten albumsidene nesten 2 mm tjukke.
Bileta er kort kjøpte i galleri eller kyrkjer ymse stader i Europa: Roma, Berlin, Milano, Dresden, Einsiedeln, Wien, Firenze, Avignon, Bologna, London. Under dei fleste bileta har Grob skrive ein tekst på latin. Det er Kristus-bilete og madonnabilete. Einaste unntaket er eit bilete av pavepalasset i Avignon.
Første biletet er Guido Renis skildring av Kristi krossfesting over høgalteret i kyrkja San Lorenzo in Lucina i Roma. Teksten er henta frå Davids salmar i Vulgata: «Foderunt manus meas et pedes meos, dinumeraverunt omnia ossa mea.» Dei har gjennombora mine hender og føter, dei har talt alle mine bein.
Siste biletet er Rafaels «Madonna della seggiola», Madonna i stolen, i Palazzo Pitti i Firenze: «O, dulcissimo cuor’ Mariae, Refugium peccatoris sit semper mecum, nunc et in hora mortuis _ Amen _ Ferd. Al. Grob.» Teksten er ei bøn om at Maria må vere hans vern og alltid følgje han, no og i dødens time.
Eit dusin kunstnarar er representerte i albumet, jamvel apostelen Lukas, som etter ein tradisjon frå 500-talet var målar og av ikonografar blir rekna som den første som “skreiv” eit ikon av den heilage møya. Ikonografar målar ikkje, men skriv. Biletet, la Madonna di San Luca i Bologna, blir entusiatisk kommentert av Grob på ein litt italiensk-kontaminert latin: «Miraculosa imagine». Tradisjonen fortel at ein pilegrim frå Bysants hadde med seg madonnabiletet frå Sofia-kyrkja i Konstantinopel til Bologna på 1100-talet. Men å føre ikonet attende til apostelen Lukas finst det nok ikkje grunnlag for. Det finst ikkje belegg for at Lukas var målar, og biletet er nok også av seinare dato, liksom ikonet Salus Populi Romani i Santa Maria Maggiore i Roma, som tradisjonen også har vilja gjere til Lukas’ verk.
Flest bilete i albumet har Rafael (1483–1529), heile sju. Det er kanskje ikkje så underleg. Han laga mange madonnabilete. I Grobs album finn vi Madonna di Foligno i Vatikanet, Madonna del prato i Wien, Madonna del Granduca og Madonna della seggiola i Firenze, eit madonnabilete i London og to kort av Madonna Sistina i Dresden.
Guido Reni (1575–1642) er representert med fire bilete, Murillo (1617–1682) har tre, Sassoferrato (1609–1685) har to.
Guido Reni laga mange bilete av Kristi krossfesting, og to av dei er med i Grobs album. Det første er opningsbiletet og er allereie omtalt. Det andre er Ecce homo frå Louvre i Paris, Kristus med tornekrona. Eit tredje bilete skildrar bodskapen til Maria og er henta frå Cappella dell’Annunziata i Quirinale-palasset i Roma. Teksten som akkompanjerer biletet, er frå Ave Maria-bøna: «Ave Maria, gratia plena, Dominus tecum. Benedicta tu in mulieribus.» Det fjerde biletet viser erkeengelen Mikael og heng i kyrkja Santa Maria Immacolata Concezione dei Cappuccini ved Piazza Barberini i Roma, kyrkja med den kjende kapusinarkrypta og ossoariet med beinrestar av meir enn 4000 kapusinmunkar.
Murillos tre bilete er alle variantar av Maria og barnet, eitt frå eit galleri i Dresden, i dag del av Staatliche Kunstsammlungen, eit anna frå Corsini-galleriet i Roma, eit tredje frå Palazzo Pitti i Firenze. Dei er alle plasserte mot slutten av albumet, før Guido Renis avsluttande Maria-bilete.
Sassoferrato er representert med eit av sine mest kjende Maria-bilete, eit målarstykke frå Galleria Doria Pamphilj i Roma. Grobs tekst er frå Lukasevangeliet i Vulgata: «Dixit autem Maria: Ecce ancilla Domini, fiat mihi secundum verbum tuum». Med Fyrebilsbibelens ord frå 1921: «Her stend eg – eg er Herrens tenestkvinna! Lat det ganga meg som du hev sagt!» Det andre biletet hans, Madonna del rosario, er frå altertavla i Santa Sabina-kyrkja på Aventinhøgda i Roma.
Andre namn frå albumet: Caravaggio (1571–1610), Correggio (1489–1534), Tizian (ca. 1485–1578), Hans Holbein den yngre (ca. 1497–1543), Bernardino Luino (ca. 1480–1532). Leonardo da Vinci (1452–1519) deltek med eit retusjert utsnitt frå Nattverden i Milano.
Dei yngste kunstnarare er Anton Rafael Mengs (1728–1779), Ernst Deger (1809–1885 og Bernard Plockhorst (1825–1907), den siste ikkje stort eldre enn Grob sjølv.
Leonard Cohen og Hydra
Leonard Cohen held sin siste konsert i Noreg i Oslo Spektrum 20. august 2013. Han er snart 79 år gammal. Han har tre år igjen å leve.
I salen sit Marianne. I salen sit også eg, saman med mi amerikanske venninne. Det er hans 19. konsert i Noreg, den tredje der eg er til stades. Den førre konserten var på Fredriksten festning i Halden året før. Tre år tidlegare, i 2010, var han også i Oslo Spektrum. Eg var der begge gongene.
Leonard Cohen, Oslo Spektrum, august 2013 © Jon Grepstad
Eg oppdaga Leonard Cohen rundt 1988. Det var ein lyrikar eg hadde møtt i Nei til atomvåpen nokre år tidlegare, som fekk meg interessert i songane hans. Suzanne var den første songen eg høyrde: «Suzanne takes you down to her place near the river».
Leonard Cohen var populær i Noreg. Han hadde vore på Kalvøyafestivalen i 1988, same året gav han ut albumet I’m your man, med mange av dei songane som i dag er klassiske: First we take Manhattan, Ain’t no cure for love, Everybody knows, I’m your man, Take this waltz, Tower of song. Lyrikkvennen, bladet til Bokklubbens Lyrikkvenner, gav ut eit temanummer om songdiktaren frå Montreal tidleg i 1989. At han hadde hatt ein norsk kjærast på Hydra i 1960-åra, gav han også eit spesielt forhold til Noreg. Han hadde til og med budd eit par månader i Silurveien i Oslo, ein veg eg har eit personleg forhold til. Men det oppdaga eg først mange år seinare.
I oktober 2014 reiser eg til Hellas, først til Naxos, så til Hydra. Eg vil sjå øya der Leonard Cohen og Marianne og kunstnarkolonien heldt til i 1960-åra.
«This was the laboratory in the youth of a few of us», seier Leonard Cohen i eit filmopptak frå Hydra i 1988. Han nemner Axel Jensen, den britiske målaren Anthony Kingsmill, forfattarparet George Johnston og Charmian Clift frå Australia og eit par andre. Han kunne også ha nemnt Göran Tunström – dei sat ei stund ved same bordet og skreiv.
Det hadde vore forfattarar innom øya også før. Henry Miller besøkte Hydra i 1939 og skriv om det i The Colossus of Maroussi. «Hydra is a rock which rises out of the sea like a huge loaf of petrified bread», skriv han. Men det er ei øy med «wild and naked perfection». Eit foto av Miller på denne tida blir tillagt den greske lyrikaren Giorgos Seferis, som sjølv har skrive eit dikt til Hydra, med historiske allusjonar: «Dolphins banners and the sound of cannons».
Donkey Shit Lane, Douskos og dei gode kjeldene
I oktober 2014 finn eg fram til huset til Leonard Cohen. Eg går «Donkey Shit Lane», den bratte vegen med trappetrinna, opp til butikken The Four Corners på berghøgda mellom Hydra hamn og Kamini, stikk hovudet inn og spør om vegen vidare. Huset er berre 50 meter unna.
Neste gong eg er på Hydra, i april 2015, finn eg Douskos, tavernaen der James Burke tok sine foto av Leonard Cohen med gitaren under mouriá-treet, Klaus Merkel og Charles W. Heckstall på eine sida, Charmian Clift på hi, George Johnston i bakgrunnen, Marianne, Axel Jensen og David Goschen til høgre. Eit av fotografia er prenta på baksida av Douskos-menyen, saman med Leonard Cohens dikt frå 1967: «They are still singing down at Dousko’s».
Landhandelen til brørne Katsikas med kafeen på bakrommet, der kunstnarane av og til sat, har eg skjønt i dag er lokalet til Roloi-tavernaen nede på hamna. Sjølve landhandelen er borte. I dag har andre butikkar teke over.
Dei siste brikkene som fell på plass, er Axel Jensens hus på vegen opp til dei gode kjeldene og Australia house, huset til George Johnston og Charmian Clift ved det som i dag blir kalla den salte brunnen, ikkje langt frå Douskos.
Eg leitar lenge etter Axel Jensens hus. Eg har både eit gammalt og nytt foto, men det som blir avgjerande, er eit foto frå 1960-åra av eit par hus i nærleiken med eit særmerkt gelender. Fotoet finn eg i Facebook-gruppa «Hydra once upon a time». I ein kommentar har Marianne Ihlen skrive at like rundt hjørnet var hennar første hus på øya.
Eg viser fotoet til eit par folk eg halvvegs kjenner på Hydra, men dei kan ikkje hjelpe meg. Eg veit at huset ligg i det området som blir kalla Kala Pigadia, dei gode kjeldene. Namnet stammar frå to djupe brunnar høgt oppe i bergknausane, om lag der ein tek av for å gå til Profitis Ilias-klosteret på Eros-fjellet. Ein dag i april 2016 er eg enda ein gong på veg til Kala Pigadia. Eg stoggar i ein sving og får brått auge på det særmerkte rekkverket på terrassen til eit av husa. Eg vender blikket mot bergskråninga på andre sida av vegen, og der er Axel Jensens hus! Det var ikkje så langt oppe som eg hadde trudd.
Eit foto på Douskos i 2015
I juni 2002 samlast ein del Leonard Cohen-fans på Hydra for å heidre songaren. Sidan 2005 har det vore slike samlingar annakvart år. I 2015 melder eg meg på, dels fordi eg er nysgjerring på korleis ein typisk Leonard Cohen-fan ser ut, dels fordi programmet omfattar ein tur til Peloponnes og amfiteateret i Epidauros. Eg reiser saman med mi amerikanske venninne Yvette.
Dessutan var det ei tid ei lita von om at den benken som ein del av oss donerte pengar til i høve 80-årsdagen til Leonard Cohen 21. september 2014, skulle stå ferdig langs den nedre vegen mellom Hydra hamn og Kamini med utsikt til Peloponnes. Men slik gjekk det ikkje. Ein nabo frå Athen med feriehus like ovanfor protesterer mot plasseringa. Tomta må flyttast hundre meter, ein ny godkjenningsrunde må til frå kulturbyråkratiet i Athen som fører tilsyn med slike saker på Hydra. Benken står først ferdig i juni 2017.
Ein dag vi et lunsj på Douskos, treffer vi Carla, pensjonert arkitekt frå Roma, som i mange år budde i Montreal, der ho òg var arkitekt for olympiastadion i 1976. Vi og nokre andre frå Cohen-treffet sit like ved det store treet der James Burke tok sine ikoniske foto hausten 1960. Carla organiserer eit foto av fem av oss der vi sit på muren under treet etter mønster frå James Burkes bilete. Seinare sender ho fotoet til Leonard Cohen med teksten: «Same place, different people.» Ho får ei glad, personleg helsing tilbake. Men av orda skjønar ho også at han ikkje lenger er frisk.
Carla snakkar lite engelsk, ho snakkar italiensk og fransk. Det gjer eg òg. Seinare held vi kontakt på Facebook, vi treffest i Roma når eg er der, og vi treffest på nytt på Hydra i september 2017. Vi vil begge sjå korleis benken til Leonard Cohen, som vi båe har medverka til, er blitt sjåande ut. Eg introduserer henne til Nikolai Astrups målarkunst, som ho blir interessert i. Og i 2018 hjelper eg henne med å planleggje ei reise til Reine i Lofoten, som ho lenge har hatt lyst til å sjå.
Det er nok som takk for dette at eg i 2018 får i fødelsdagsgåve Ferdinand Alois Grobs biletalbum frå 1862 og ei anna bok.
Handlingars uransakelege vegar
Tidleg i januar 1958 tok Axel Jensen og Marianne Ihlen båten frå Peloponnes til Hydra. Det var ei konsekvensrik reise. Og langt ute, i konsekvensars fjernaste og dunklaste utkantar, i ein uoverskodeleg vev av condiciones sine quibus non, er Grobs biletalbum si ferd frå Roma til Oslo 60 år seinare.
Albumet skal etter kvart til statsarkivet i Luzern. Men inntil vidare, og i respekt for gjevaren, lever Ferdinand Alois Grobs biletalbum eit rikare liv på Tøyen i Oslo enn i det stille mørkret i ein arkivboks i Sveits.