Italiareiser

Utdrag frå boka Italiareiser, Oslo 2018, ISBN 978-82-993938-9-8:

Montefortino © Jon Grepstad

Ferdaminne frå Helvetesgjelet, Pilatussjøen og Falkeberget

Montefortino, Le Marche, Italia. Tre timar nordaust for Roma, mellom dei vakre Sibillini-fjella.

628 meter over havet ligg landsbyen, med hus som klengjer seg i sirklar rundt berghøgda. Eit jordskjelvsområde som så mange andre stader i Italia. «Chiavi», jarnklavar, bygde inn i steinveggene og knytte til armeringsjarn skal verne mot skjelva, og har gjort det til i dag.

Huset eg bur i, er frå 1500-talet. Oppussa og moderne. Om vinteren står det tomt, liksom mange  andre hus her i landsbyen. Montefortino er nesten folketom om vinteren. Rundt hundre menneske bur det her vinterstid, fortel Maria Grazia, biletkunstnar frå Roma, som er her for å måle og skrive, og for å søkje tilbake til landskapet der morsslekta kom frå.

Agostino
På kafeterrassen sit Agostino og spelar kort med andre aldrande menn. Sjølv er han 84. Han har vore landmålar, kjenner fjella, landsbyane, vegane og stigane ut og inn. Kjenner folk og fe, blomane også. Han blir guide for oss på fjellturane. Vi skal vandre gjennom Helvetesgjelet, la Gola dell’Infernaccio.

Agostino bur i Ascoli, den einaste byen i området. Om sommaren og hausten er han i Montefortino.

Han er friluftsmenneske, er glad i fjella. Om vinteren går han på ski. Eldste skikameraten er 93 år gammal. Folk blir gamle her. Grannekommunen Comunanza kallar seg «il comune della longevità», det lange livs bygd. I april i fjor var det fest der for tre systrer på 112, 104 og 101 år. Alle i festkomiteen var over åtti.

Sibillini-fjella
Montefortino ligg omkrinsa av Sibillini-fjella: Il Vettore, La Sibilla, La Priora, fjelltoppar meir enn 2000 meter høge og snølause sommarstid. Dalane i området er U-dalar, forma av isbreane i kvartærtida. Ulike typar kalkstein dominerer som bergart. Og der fjellsidene er brune eller raudleta, er det mykje jarn, fortel Claudia, geologistudent og godt kjend i dette området.

 I eldre tider var Sibillini-fjella vide kjende som ein heim for demonar, hekser, alvar og andre nærskylde vesen. Det var Sibylla sine heimetrakter. Legendene blømde. Franskmannen Antoine de La Salle vitja fjella i 1420, skreiv ei bok om denne trollheimen og gjorde sogene kjende til langt nord i Europa. 

Helvetesgjelet
Vi skal til Helvetesgjelet, la Gola dell’Infernaccio. Gjelet går mellom Monte Sibilla og Monte Priora, i botnen renn elva Tenna. I gamle dagar var dette ein ferdselsveg mellom fjella, fortel Agostino. Knappe tre meter breie er dei smalaste bergpassa. Det er motbakkar og medbakkar, høgdeskilnaden er 440 meter. Til vanleg kan ein gå her utan å møte eit menneske, men i dag, dagen etter «ferragosto», festdagen midt i august, er det folksamt. Vi møter enda til eit par terrengsyklar i den mest kronglete bakken.

– Lasciate ogni speranza, voi ch’entrate. – Gje opp all von, de som her går inn. Ved brua før gjelet utvekslar vi brotstykke frå Divina Commedia, Den guddomlege komedien, Dante Alighieris lange dikt om Helvetet, Skiringsheimen og Paradiset, nasjonaleposet der han innkvarterer nokre av sine personlege fiendar i Helheimen.

– Men det er ein skilnad mellom Helvetesgjelet og Helvetet, seier brått Agostino. Frå Helvetet vender ein aldri heim. Og vi er samde om at skilnaden ikkje er heilt uvesentleg. Men kor djupt han meiner det, veit eg ikkje, der vi vandrar i skuggen mellom bergsidene.

Av og til vidar gjelet seg ut, og sola skin på oss. Slike opplyste stader er fulle av sommarfuglar. Maria Grazia fotograferer ivrig. Ho arbeider med ei diktbok som ho sjølv illustrerer.

– Si straccu? spør Agostino på dialekt. – Er du trøytt? Han snakkar standarditaliensk til vanleg, men likar å lære bort eit og anna frå dialektane i området. Dialektskilnadene er store i Italia, målføra er ofte vanskelege eller uråd å forstå også for italienarar. Og bak alle blånar i sør, to stader i Calabria og i Puglia, finst det jamvel ein dialekt med gresk opphav, il griko.

Vi kjem til eit vegskilje. Ein stig går oppover langs skråninga. Han fører til ei lita klosterkyrkje, eremitasjen San Leonardo. Kyrkja er bygd av munken Padre Pietro Lavini, som byrja på arbeidet i 1971. Her bur han i einsemd det meste av året. Men vi vel å halde fram langs vegen i dalbotnen.

Turen tek to timar opp og halvannan time tilbake, om ein går heilt fram. Vi stoggar litt før endepunktet, et panini med skinke og pecorino, ost av sauemjølk.

Agostino skjer osten. Hendene hans skjelv, som om han hadde parkinson. Og særleg synleg er det i tommelfingeren. Men legen meiner skjelvinga i tommeltotten kjem av at Agostino har talt for mange pengesetlar i sitt liv. Leddsmerter i fingrane har han også. Kvar morgon gnir han safta frå ein avskoren sitron over knokane. Det hjelper.

Pilatussjøen
Fjernt frå Helvetesgjelet, i ei gryte i Monte Vettore, ligg Pilatussjøen, Lago di Pilato, seks timars gange tur-retur. Sjøen har fått namnet etter Pontius Pilatus i Bibelen, fortel Claudia, geologistudenten. Segna seier at Pilatus vart dømd til døden av keisar Vespasian. Liket vart lagt i ei kjerre dregen på måfå over alle haugar av to uksar, som til sist hamna i denne sjøen i Sibillini-fjella. Pilatussjøen er òg bustad for Marche-krepsen, Chirocephalus marchesonii, eit lite, raudleta krepsedyr på 8–10 mm, som sym omkring på ryggen, og som berre finst her og ein stad i Kina, fortel Claudia.

Agostino har vore mange gonger ved Pilatussjøen, men i år trur han turen blir for strabisiøs. – So’ straccu, smiler han. Og i år er nok sjøen òg noko inntørka på grunn av varmen, trur han.

Falkeberget
Sibillini-fjella er nasjonalpark. Fauna og flora er verna. Ikkje langt utanfor ligg Falkeberget, Montefalcone, ein landsby 750 meter over havet og med eit høgt, bratt stup ned mot solsikkemarkene og andre åkrar. For millionar av år sidan var denne fjellhøgda havbotn. I dag kan ein finne fossilar av skjel og konkyliar når ein grev i jorda. Dit reiser vi nokre dagar seinare. Men først skal vi til dei brune fjellviddene ved Castelluccio.

Linsemarkene i Castelluccio
Castelluccio di Norcia ligg i Umbria, 1452 meter over havet, og høyrer med til nasjonalparken i Sibillini-fjella. På dei store slettene under landsbyen, Pian Grande og Pian Perduto, blømer blomane frå midten av juni til byrjinga av juli. Vide marker med valmuer, liljer, fiolar, kløver og andre vokstrar – ein naturmosaikk av raudt, gult, grønt og blått. No er dei fleste avblomstra.

Castelluccio er òg kjend for linsemarkene. Det er eit av dei store områda for linsedyrking, fortel Agostino. Vi et linsesuppe og svinekjøt til middag, til desert ei linsekake, før vi set kursen mot Montefortino att.

* * *

Og i det vi rundar svingen ved kafeen i Montefortino, ser vi kona til Agostino kome gåande med stokk langs vegen. Agostino har gløymt å hente ho til avtalt tid. Ho har spasert heimanfrå 7–8 km i solsteiken. Sikkert med stor glede over å vise all verda kor håplaus mannen er.

– Eg ville ikkje vere i Agostinos bukser no, seier Maria Grazia ved kveldsmaten. Men neste dag er nok Agostino på tur i Sibillini-fjella igjen.

(August 2012)

Etterskrift 2018: Siste veka i oktober 2016 var det kraftige jordskjelv i Umbria og Le Marche. Det sterkaste, 30. oktober og med episenter i Norcia, vart registrert med styrke 6,1 på Richters skala. Skjelvet kunne merkast heilt til Roma. Huset der eg budde i Montefortino i 2012, slo sprekkar. Huset der eg budde i Castelluccio i oktober 2013, Cascina delle fate, raste saman. Monte Vettore, eit av Sibillini-fjella, fekk ein sprekk i overflata. Jordskjelva førte ikkje til tap av menneskeliv, men ni menneske vart alvorleg skadde. Mange vart huslause for kortare eller lengre tid.

Castelluccio di Norcia © Jon Grepstad

I Helvetesgjelet © Jon Grepstad