Militærnektarlover i hundre år

Kvekargravstaden i Øvre Haukeligate 75, Stavanger. Oktober 2018

Artikkelen er prenta i boka Nokre artiklar, bagatellar og ein song, Oslo 2022, ISBN 978-82-691870-4-5.

I 2022 er det hundre år sidan Noreg fekk den første lovparagrafen om fritak for militærteneste av overtydingsgrunnar. Og det er over 200 år sidan det i Stortinget vart lagt fram eit forslag om å frita kvekarar for slik teneste.

Dei første militærnektarane var kvekarar. Den første saka er frå 1815. [i] Kvekardommen kom til Noreg frå «prisonen» i England under Napoleonskrigane i åra 1807–1814. Danmark-Noreg var alliert med Frankrike mot England. Mange norske sjøfolk og marinesoldatar vart tekne til fange. Engelske kvekarar besøkte dei i fengsel i hamna Chatham ved innseglinga til London. Med seg hadde dei matpakkar og gudsord. [ii] Dei håpa at dei haugianarane som sat i fangenskap, skulle ta med seg kvekarlæra til heimlandet når dei vart sette fri. Seksten nordmenn kom attende til Noreg som kvekarar. [iii] Og i 1818 vart det første kvekarsamfunnet skipa i Stavanger.

Frå 1860-åra voks kvekarsamfunnet. I 1868 var det 175 innskrivne medlemmer. Men fleire rekna seg som kvekarar. I folketeljinga i 1865 er det 473 som opplyser at dei er kvekarar. Dei neste tiåra gjekk talet tilbake.

Kvekarane var pasifistar, dei nekta gjere krigsteneste og å avleggje eid. Dei nekta sverje truskap til konge og styresmakter. Dei kjende seg forfølgde av prestar og myndigheiter. Somme utvandra til Amerika. Situasjonen til kvekarane var ein viktig grunn til at vi fekk dissentarlova  i 1845.

Verneplikt
Tanken om allmenn verneplikt var eit resultat av den franske revolusjonen og av Napoleonskrigane 1800–1814. I Noreg vart allmenn verneplikt innført i 1799. Plikta vart seinare nedfelt i Grunnlova i § 109. Etter grunnlovsendringa i 2014 er føresegna å finne i § 119. Men lenge galdt verneplikta berre mannleg ungdom på landet. Først ved vernepliktslova i 1854 omfatta verneplikta også byungdom. Stillingsretten, retten til å betale ein annan for å gjere verneplikt for seg, fall bort i 1876.

Det første framlegget om fritak for militærteneste kom allereie i 1818. [iv] Forslaget galdt kvekarane og var ein del av eit meir omfattande forslag når det galdt rettssituasjonen for denne gruppa. Forslaget fekk støtte i  stortingskomiteen, men fall i Odelstinget.

Men få kvekarar vart innkalla til militærteneste før vi fekk vernepliktslova av 1854. Mellom 1814 og 1885 er det registrert til saman 20 kvekarar som nekta militærteneste, men berre to-tre saker er kjende frå tida før 1845. Frå andre halvdel av 1880-åra kjem det andre nektarar til, først og fremst frå andre frikyrkjesamfunn. Frå 1885 til 1900 er det 44 nektarar.

Fram til første verdskrigen og etter krigen auka militærnektartalet mykje. Mellom 1885 og 1922 er det til saman 1750 religiøse nektarar og 300 som nektar på ikkje-religiøst grunnlag. Dei fleste av dei siste var sosialistar.  [v]

1922 – den første fritakslova
Kvekarane var altså dei første militærnektarane. Straffa var som regel bøter og fengsel. Somme vart fengsla fleire gonger. Mot slutten av 1800-talet voks dei første fredsorganisasjonane fram i Noreg. Stavanger Fredsforening vart stifta i 1894, Norges Fredsforening (seinare Norges Fredslag) og Kristiania Fredsforening året etter. Fredsorganisasjonane vart pådrivarar for kravet om ei militærnektarlov. Fem private lovforslag vart fremja rundt hundreårskiftet.

I 1900 opna styresmaktene for at militærnektarar kunne gjevast våpenfri teneste. I 1902 fastsette kommanderande general i eit rundskriv at påtale for religiøse nektarar skulle fråfallast.

Ein proposisjon vart lagd fram av departementet i 1917 om at religiøse nektarar skulle fritakast. Men Stortinget sende proposisjonen tilbake med den grunngjevinga at vilkåra for fritaking var for snevre.

Talet på militærnektarar hadde auka. I 1908 var det 54 nektarar, 46 nekta på religiøst grunnlag. I 1915 var det 102 militærnektarar der påtale vart fråfallen, i 1920 var talet 306. [vi]

På denne tida var det mykje debatt om militærnektarspørsmålet. Fleire forslag vart sette fram. Usemja galdt om berre religiøse nektarar skulle kunne fritakast, eller også andre. I 1921 la Forsvarskommisjonen fram innstilling i spørsmålet. Forsvarskommisjonen gjekk inn for at straff ikkje skulle idømast dersom nektinga «findes begrundet i en alvorlig religiøs overbevisning eller i andre alvorlige samvittighetsgrunde». Ot. prp. nr. 4 (1922) bygde på innstillinga frå Forsvarskommisjonen, og fritaksvilkåra i den militære straffelova § 35 vart dei same som kommisjonen hadde foreslått: «en alvorlig religiøs overbevisning eller andre alvorlige samvittighetsgrunde». Men domspraksis var lite einsarta når det galdt politiske nektingsgrunnlag. [vii]

I 1922 fekk vi også lov om vernepliktige civilarbeidere, som regulerte siviltenesta.

Nye rettsreglar i 1925 og 1937
I 1925 vart § 35 i den militære straffelova på ny endra.  I mellomtida hadde ein hatt militærstreik og politisk nekting. Vilkåret for å frita ein militærnektar for straff var at «det strider mot hans alvorlige overbevisning å gjøre militærtjeneste av enhver art». I praksis var dette ei utviding av fritaksvilkåra i høve til 1922-lova. 1925-lova opna for fritak ikkje berre for pasifistar, men også for somme som nekta på eit politisk ikkje-pasifistisk grunnlag. Det synest klart at lova aksepterte klassenektarar, militærnektarar som såg militærvesenet som ein reiskap for ein klasse til å undertrykkje ein annan. [viii]

Fram til 1937 måtte militærnektarar prøve saka si for retten. I 1937 vart det fastsett at Justisdepartementet kunne frita militærnektarar etter søknad.

Lov av 19. mars 1965
I 1965 er formuleringa av fritaksvilkåra om lag den same som før: «Er det grunn til å gå ut fra at en vernepliktig ikke kan gjøre militærtjeneste av noen art uten å komme i konflikt med sin alvorlige overbevisning, fritas han for slik tjeneste av vedkommende departement eller ved dom i samsvar med reglene i denne lov.»

Det hadde i 1950-åra vore ein del debatt om fritaksvilkåra. Etter at lova var vedteken, oppstod det ein diskusjon om situasjonsbestemt militærnekting, og fleire saker hamna i Høgsterett. Å vurdere vilkåra for fritak for militærteneste var eitt av punkta i mandatet til Vernepliktsutvalet av 1974. Utvalet delte seg i ein sivil og ein militær fraksjon. To stortingsmeldingar og to representantforslag vart lagde fram før vedtaket om ny formulering i 1990.

Lovendring i 1990
Ved vedtak 22. juni 1990 vart § 1 i 1965-lova endra: «Er det grunn til å gå ut fra at en vernepliktig ikke kan gjøre militærtjeneste av noen art uten å komme i konflikt med sin alvorlige overbevisning, herunder at han derved tvinges til å bryte verdier som for han er av fundamental betydning og som er knyttet til bruk av masseødeleggelsesvåpen slik de kan påreknes brukt i dagens forsvar, fritas han for slik tjeneste av vedkommende departement eller ved dom i samsvar med reglene i denne lov.»

Politiavhøyr ved søknad om fritak fall bort i 2000. Ei ordning med eigenerklæring vart innført.

Forsvarslova av 2016
Forsvarslova (lov om verneplikt og teneste i Forsvaret) samla vernepliktslova, heimevernlova, forsvarspersonellova og militærnektarlova i éi lov. Lova førte vidare føresegnene i militærnektarlova, men gjorde nokre språklege endringar. Fritaksvilkåra står ved lag, men har no denne ordlyden i § 35:

«Vernepliktige skal fritas for tjeneste i Forsvaret hvis det er grunn til å anta at de ikke kan gjøre tjeneste uten at det kommer i konflikt med deres alvorlige overbevisning og verdier som er av fundamental betydning for dem.» Forsvaret behandlar søknaden. Justisdepartementet er klageinstans.

Siviltenesta
Lenge var jorddyrking og skogsarbeid dei viktigaste oppgåvene i siviltenesta. Frå midten av 1960-åra kom arbeid i helse- og sosialsektoren til å spele ei sentral rolle. I 1954 gjorde 66 %  teneste i skogs-, jordbruks- og nybrotsarbeid,  i 1969 hadde 70 % sivilteneste i sosialsektoren, 2 % i skogs-, jordbruks- og nybrotsarbeid, 4 % i arkeologiske utgravingar. I 1993 var 51 % av sivilarbeidarane plasserte i helse- og sosialsektoren, 24 % i humanitært arbeid, 8 % i forskingsprega arbeid og 6 % i arkeologi og museum.

Frå 1960-åra arbeidde dei sivile tenestepliktige for ei fredsfremjande sivilteneste. Nokre forskingsinstitusjonar og humanitære organisasjonar vart etter kvart godkjende som tenestestader. Eit eineståande eksperiment i internasjonal samanheng var forskulen for sivile tenestepliktige, etablert med prøvedrift i Ringebu 1972–74, fast etablert på Hustad Leir 1984–2002. Forslaget om ein forskule vart fremja av dei sivile tenestepliktige allereie i 1953. [ix]

Etter fullført sivilteneste vart dei tenestepliktige som regel stilte til disposisjon for Sivilforsvaret. Om dei vart innkalla til aktiv teneste, var avhengig av Sivilforvaret sitt behov. Ein del tenestepliktige nekta sivilforsvarsteneste.

Vernepliktsutvalet av 1974 hadde til oppgåve å drøfte «vernepliktens innhold i dagens samfunn, herunder også den sivile tjenesteplikts stilling og innhold». Utvalet la fram utgreiinga i NOU 1979: 51, som vart følgd opp med to stortingsmeldingar, i 1983 og 1988, og St. meld. nr. 22 (1995–96) Om sivil tjenesteplikt.

St. meld. nr. 22 formulerte denne målsetjinga for siviltenesta: «Siviltjenesten skal være samfunnsnyttig og herunder vernerelevant i forhold til den alminnelige verneplikt.» Stortingsmeldinga la opp til at dei sivile tenestepliktige skulle krigsdisponerast til sivile oppgåver. Tenesta i fredstid skulle vere ei førebuing til teneste under eventuell mobilisering. Det skulle ikkje vere høve til å reservere seg mot teneste i Sivilforsvaret. Meldinga skisserte desse hovudsektorane for siviltenesta i fredstid: helse- og sosialsektoren, natur- og miljøvern, katastrofe- og krigsberedskap i inn- og utland.

I Innst. S. nr. 177 (1995–96) støtta fleirtalet (representantane frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti) framlegget om tenesteformer, men ville skilje ut fredsarbeid som ein eigen sektor. Fleirtalet meinte at tenestepliktige som nekta teneste i Sivilforsvaret, skulle disponerast til anna teneste i ein krigs- eller krisesituasjon og gjekk inn for denne målformuleringa for tenesta: «Siviltenesta er ein del av den alminnelege verneplikta. Den skal vere vernerelevant i høve til fredsskapande arbeid og i høve til å førebu mannskapa på ein mogleg beredskapssituasjon. Det bør leggjast vekt på konfiktførebyggjande, fredsbevarande og samfunnsnyttig arbeid i tenesta.»

Fleirtalet uttalte elles: «Fleirtalet meiner at det vil styrka landet si motstandsevne å inkludera eit ikkjevaldselement som ein del av totalforsvaret. Opplæring i ikkjevaldelege motstandsformer vil tena til å styrka Noreg si motstandsevne.»

Som konsekvens av stortingsmeldinga og innstillinga vart nemningane «sivil tenesteplikt» og «sivil tenestepliktig» endra til «sivil verneplikt» og «sivil vernepliktig»  i 1998.

Nokre av spørsmåla i samband med teneste i beredskapssituasjonar vart drøfta vidare i St. meld. nr. 17 (2001–2002) Samfunnssikkerhet og i Innst. S. nr. 9 (2002–2003), men førte ikkje til endringar.

Siviltenesta var i mange år lengre enn tenesta i infanteriet. Før krigen var tenestetida kort. I 1930 var siviltenesta på 72 dagar, i 1939 varte tenesta 126 dagar. I 1947–50 var tenestetida 12 månader, dei neste åra 18 månader, så 22 månader frå 1954 til midten av 1960-åra, deretter 16 månader, så 14 månader og til slutt 12 månader, det same som for dei fleste vernepliktige i Forsvaret.

Talet på søknader om sivilteneste i 1950- og 60-åra låg stort sett mellom ca. 350 og 1000 per år, i 1970- og 80-åra over 2000 per år. På 1990-talet varierte talet  mellom ca. 1900 og 2700. [x]  I 1930-åra låg talet på innvilga søknader mellom 32 og 181 per år, og i åra 1947–1949 vart mellom 216 og 365 søknader godkjende per år. [xi] Kring 1950 nekta om lag 72 prosent på religiøst grunnlag, i 1983 var prosenttalet 21. [xii]

Frå rundt 1950 var Havnås Leir og Hustad Leir administrasjonssenter og arbeidsleirar for sivile tenestepliktige, Havnås Leir for Austlandet og Sørlandet, Hustad Leir for resten av landet. Dillingøy Leir tok over etter Havnås i 1962. Dillingøy Leir vart etablert i 1952 og vart nytta til tvangsavtening av siviltenesta. Hustad Leir vart lagd ned i 2004, Dillingøy i 2012.

I 2012 vart siviltenesta avskaffa, men retten til å nekte militærteneste står ved lag. Grunngjevinga for å avskaffe siviltenesta var at søkjartalet var lågt, rundt 350 mot over 3000 ti år tidlegare, og at Forsvaret trong langt færre rekruttar enn før. [xiii] Langt færre blir innkalla til sesjon enn tidlegare. Rundt 7500, 13 % av kvart årskull, gjennomfører no førstegongsteneste, av dei 21 % kvinner.

Sjølv gjorde eg sivilteneste i 1969–70, først på avdeling H på Nærlandsheimen på Nærbø, ei avdeling for psykisk utviklingshemma og sikringsfangar, så hos Edvard Vogt på Seletun, og den siste tida på Forskulekontoret i Oslo, eit kontor som var med og førebudde forskulen for sivile tenestepliktige.


[i] Nils Ivar Agøy: «Kvekerne som pådrivere for militærlovgivning», i Bjørn S. Utne og Hans Eirik Aarek: ‘Dette Ukrudt fra Engellands sectrige og geile Jordbund’. Den rolle kristne dissenterbevegelser – spesielt kvekerne – spilte i norsk kulturutvikling på 1800-tallet. Høgskolesenteret i Rogaland 1993

[ii] Sjå George Richardson: The Rise and Progress of the Society of Friends in Norway. London 1849

[iii] Store norske leksikon: «Kvekere»,  https://snl.no/kvekere [lesedato 4. april 2022]

[iv] Storthings-Efterretninger 1814—1833, I. Christiania 1874, s. 558—61

[v] Desse tala og tala ovanfor er henta frå Rønning 2005, s. 58. Kjelde er Nils Ivar Agøys skrifter.

[vi] Innstilling om forandring av §§ 35 og 96 i den militære straffelov av 22. mai 1902 og om en lov om vernepliktige civilarbeidere. Avgitt av Forsvarskommisjonen av 1920.

[vii] Jf. NOU 1979: 51 Verneplikt. Oslo 1979, s. 262

[viii] NOU 1979: 51 Verneplikt. Oslo 1979, s. 263

[ix] Dialog eller sivil ulydighet. Oslo 1970, s. 73

[x] St. meld. nr. 27 (198889) og NOU 2001: 31 Når ulykken er ute

[xi] Dialog eller sivil ulydighet. Oslo 1970, s. 86

[xiii Nils Petter Gleditsch og Nils Ivar Agøy: “Norway: Towards Full Freedom of Choice?” I Charles C. Moskos mfl. (red.): The New Conscientious Objection: From Sacred to Secular Resistance. New York 1993

[xiii] Prop. 10 L (2011–2012) Endringer i lov 19. mars 1965 nr. 3 om fritaking for militærtjeneste av overbevisningsgrunner

Framlegget i 1818 om å frita kvekarar for militærteneste. Storthings-Efterretninger 1814–1833, I, Christiania 1874, s. 558–61

Sivilarbeidarane si motinnstilling i 1970, eit viktig dokument i arbeidet for ein forskule for sivile tenestepliktige

Nokre kjelder
Nils Ivar Agøy: «Et floket partnerskap. Fredsbevegelsen og arbeiderbevegelsen til 1940», i Arbeiderhistorie 2000. https://www.arbark.no/Arbeiderhistorie/Arbeiderhistorie_2000.htm

Nils Ivar Agøy: «Kvekerne som pådrivere for militærlovgivning», i Bjørn S. Utne og Hans Eirik Aarek: ‘Dette Ukrudt fra Engellands sectrige og geile Jordbund’. Den rolle kristne dissenterbevegelser – spesielt kvekerne – spilte i norsk kulturutvikling på 1800-tallet. Høgskolesenteret i Rogaland 1993

Vilhelm Aubert mfl.: Den nye militærnekterloven : et motforslag. Oslo 1956

Dialog eller sivil ulydighet. Sivilarbeiderne og forskolen. Oslo 1970

Nils Petter Gleditsch og Nils Ivar Agøy: “Norway: Towards Full Freedom of Choice?” I Charles C. Moskos mfl. (red.): The New Conscientious Objection: From Sacred to Secular Resistance. New York 1993

Anne Emilie Jansen: Det norske kvekersamfunns historie i første halvdel av det 19. hundreåret. 1967

Ernst Lapin: Vennenes samfunn kvekerne 1846–1898. Stavanger 2001

Sverre Røed Larsen: Militærnekting i Norge – en studie av en protestgruppe. Magistergradsavhandling i sosiologi, Universitetet i Oslo 1973

Martin Nag: I strid for fred. Tre kapitler av fredsbevegelsens pionértid i Norge. Ås 1985

NOU 1979: 51 Verneplikt. Oslo 1979

George Richardson: The Rise and Progress of the Society of Friends in Norway. London 1849

Mats Rønning: Fredsfaar i gjentatt strid. Masteroppgåve i historie, Universitetet i Oslo 2005

Storthings-Efterretninger 1814—1833, I. Christiania 1874, s. 558–61 (Ang. Kvækernes Retsstilling)

Stortingsdokument i tilknyting til lovendringane

Hans Eirik Aarek og Søren Olsen: Et lidet Viidnesbyrd mod Krig og Fægting. Stavanger 1998

Hans Eirik Aarek: «… For min samvittigheds skyld … Om militærnekterne på Haugalandet på 1800-tallet», i Haugalendingen, årbok for Haugalandmuseene 2007– 2008, s. 148–176

Sentrale stortingsdokument 1920­–2020

Innstilling om forandring av §§ 35 og 96 i den militære straffelov av 22. mai og om lov om vernepliktige civilarbeidere. Avgitt av Forsvarskommissjonen av 1920 [26. januar 1921]

Ot. prp. nr. 53 (1921) Om utferdigelse av en lov om forandring av §§ 35 og 96 i den militære straffelov av 22de mai 1902 og en lov om vernepliktige civilarbeidere [ikkje behandla i 1921, fremja på nytt i Ot. prp. nr. 4 (1922)]

Ot. prp. nr. 4 (1922) Om utferdigelse av en lov om forandring av §§ 35 og 96 i den militære straffelov av 22de mai 1902 og en lov om vernepliktige civilarbeidere

Innst. O. II (1922) Innstilling fra militærkomiteen om utferdigelse av lov forandring av §§ 35 og 96 i den militære straffelov av 22de mai 1902 samt en lov om vernepliktige civilarbeidere

Ot. prp. nr. 42 (1925) Om lov om forandringer i § 35 i den militære straffelov av 22. mai 1902 og i §§ 4 og 5 i lov om vernepliktige civilarbeidere av 24. mars 1922

Innst. O. V. (1925) Innstilling fra den forsterkede militærkomite om utferdigelse av 1) lov om forandring i § 35 35 i den militære straffelov av 22. mai 1902 og 2) lov om forandring i §§ 4 og 5 i lov om vernepliktige civilarbeidere av 24. mars 1922

Ot. prp. nr. 38 (1937) Lov om vernepliktige civilarbeidere

Innst. O. nr. 77 (1937) Innstilling fra militærkomitéen om utferdigelse av en lov om vernepliktige civilarbeidere

Ot. prp. nr. 21 (1958) Lov om adgang til å frita vernepliktige for militær teneste m.v. [Proposisjonen vart trekt attende.]

Ot. prp. nr. 42 (1962–63) Lov om  fritaking for militærtjeneste av samvittighetsgrunner

Innst. O. II (1964–65) Innstilling fra den forsterkede justiskomité om lov om fritaking for militærtjeneste av overbevisningsgrunner

St. meld. nr. 37 (1966–67) Om arbeidsoppgaver for sivile tjenestepliktige etter lov av 19. mars 1965 om fritaking for militærtjeneste av overbevisningsgrunner

Innst. S. nr. 42 (1967–68) Innstilling fra justiskomiteen om arbeidsoppgaver for sivile tjenestepliktige

St. meld. nr. 43 (1969–70) Om en forskoleordning m.v. for sivile tjenestepliktige

Innst. S. nr. 262 (1969–70) Innstilling fra justiskomiteen om en forskoleordning m.v. for sivile tjenestepliktige

St. prp. nr. 127 (1971–72) Om bevilgning til igangsetting av en prøveordning for undervisningsopplegget ved en forskole for sivile tjenestepliktige

Innst. S. nr. 290 (1971–72) Innstilling fra justiskomiteen om bevilgning til til igangsetting av en prøveordning for undervisningsopplegget ved en forskole for sivile tjenestepliktige

St. prp. nr. 155 (1972–73) Om bevilgning til fortsettelse av prøveordningen for undervisningsopplegget ved en forskole for sivile tjenestepliktige

Innst. S. nr. 312 (1972–73) Innstilling fra justiskomiteen om bevilgning til fortsettelse av prøveordningen for undervisningsopplegget ved en forskole for sivile tjenestepliktige

St. meld. nr. 32 (1978–79) Om opprettelse av en forskole for sivile tjenestepliktige

Innst. S. nr. 242 (1978–79) Innstilling fra justiskomiteen om opprettelse av en forskole for sivile tjenestepliktige

St. meld. nr. 70 (1983–84) Om verneplikt

Innst. S. nr. 111 (1984–85) Innstilling fra justiskomiteen om verneplikt

Dok. nr. 8:1 1986–87 Forslag fra stortingsrepresentant Kjellbjørg Lunde datert 5. august 1986 om utvidelse av adgangen til å nekte militærtjeneste på et alvorlig overbevisningsgrunnlag

Innst. S. nr. 17 (1986–87) Innstilling fra justiskomiteen vedrørende forslag fra stortingsrepresentant Kjellbjørg Lunde om om utvidelse av adgangen til å nekte militærtjeneste på et alvorlig overbevisningsgrunnlag

St. meld. nr. 27 (1988–89) Om militær verneplikt og sivil tjenesteplikt

Dok. nr. 8:16 (1989–90) Forslag fra stortingsrepresentant Lisbeth Holand om lov om endring i lov av 19. mars 1965 nr. 3 om fritaking for militærtjeneste av overbevisningsgrunner

Innst. S. nr. 75 (1989–90) Innstilling fra justiskomiteen om forslag frå stortingsrepresentant Lisbeth Holand om lov om endring i lov av 19. mars 1965 nr. 3 om fritaking for militærtjeneste av overbevisningsgrunner

St. meld. nr. 22 (1995–96) Om sivil tjenesteplikt

Innst. S. nr. 177 (1995–96) Innstilling fra justiskomiteen om sivil tjenesteplikt

Stortingsforhandlinger 2001/02 Vol. 146 (Budsjett-innst. S. nr. 4 – 2001–2002) [Avvikling av forskulen]

St. meld. nr. 17 (2001–2002) Samfunnssikkerhet

Innst. S. nr. 9 (2002–2003) Innstilling fra forsvarskomiteen og justiskomiteen om samfunnssikkerhet

Prop. 10 L (2011–2012) Endringer i lov 19. mars 1965 nr. 3 om fritaking for militærtjeneste av overbevisningsgrunner (avvikling av sivil verneplikt)

Innst. 158 L (2011–2012) Innstilling fra justiskomiteen om endringer i lov 19. mars 1965 nr. 3 om fritaking for militærtjeneste av overbevisningsgrunner (avvikling av sivil verneplikt)

Prop. 102 L (2015–2016) Lov om verneplikt og tjeneste i Forsvaret m.m.
(forsvarsloven)

Innst. 375 L (2015–2016) Innstilling til Stortinget fra utenriks– og forsvarskomiteen